Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. april 2020
Ytre Sogn 4. april 2020

Bjarte Smelvær Kyrkjebø (f.v.), Feseha Eyob Gebreselase og Aksel Svarstad, som alle jobbar på avdeling for teknisk fellesanlegg, står ved luka der avfallet i den 50 meter lange betongkanalen har blitt støvsugd ut.

Skal fjerne 30-40 tonn med produksjonsavfall

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 22. desember 2019

– I løpet av 40 år samlar det seg opp mykje restar frå produksjonen, seier Bjarte Smelvær Kyrkjebø og Aksel Svarstad hos Hydro Høyanger til Ytre Sogn.

Dei er no i gang med å fjerne samanfiltra aske, okisd og anna avfall som ligg att i den 50 meter lange betongkanalen som går under Hydro sin elektrolysehall i Høyanger. Varme avgassar på cirka 130 grader går frå dei 40 omnane frå A-sida av elektrolysehallen, blir ført igjennom ein betongkanal under hallen, og opp i gassreinseanlegget. 


– Kanalen er to meter høg og fire meter brei. Det at den ligg under Hall A har gjort det svært krevjande å utføre vedlikehald inne i kanalen sidan den vart bygd tidleg på 80-talet, seier Bjarte Smelvær Kyrkjebø og Aksel Svarstad til Ytre Sogn.


I enden av kanalen snevrar den seg inn i ei lengde på 12 meter for å føre gassane opp i gassreinseanlegget. Her har det samla seg mykje materiale frå gassen opp gjennom 40 år, og dette er Hydro no i gang med å fjerne.


– Det betyr betre avtrekk frå omnane og meir gass vil nå gassreinseanlegget, som vil gje jamnare drift. Det betyr også at mindre ureina gass frå omnane vil nå ut i luft, seier dei to.


Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

I området dei no jobbar har kanalen ei høgd på 1,6 meter, og her ligg massane om lag 1,0 meter opp i kanalen.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord