Sjokka over mengda søppel i sentrum


Elevane ved Høyanger vidaregåande skule konkurrerer om å vere mest miljøvenlege.

Andreklassingane på helsefagarbeidar plukka søppel i Høyanger sentrum og kom tilbake med heile 10 posar.

Kontaktlærar Marita S Neverdal fortel til Ytre Sogn at både ho og elevane er overraska over kor mykje søppel som faktisk vart plukka.

– Dei var ikkje ute i ein time ein gong, og kom tilbake med så mykje. Elevane gjekk fleire i lag og plukka, og det seier jo litt óg, seier Neverdal.

Konkurranse

Søppelplukkinga er i samband med ein klimakonkurranse som føregår på vidaregåande skular over heile landet. Konkurransen blir kalla for “Plastutfordringen 2020 VGS”. Målet med plastutfordringen er å hjelpe både elevar og lærarar med å opparbeide sin eigen plastkompetanse og gjennomføre plast-smarte val i kvardagen for å bidra til å løyse plastproblemet.

– Kvar klasse er eit lag, så har lærarane lag også. Vi registererar på ein app kva slags plast-smarte val vi har gjort den dagen og samlar poeng. I går så såg vi at vi hadde litt lite poeng, så elevane reiste ut for å plukke søppel for å få mange poeng, fortel Neverdal.

Nokre av aktivitetane ein kan registrere for å få poeng kan vere at ein går eller syklar i staden for å køyre bil, gjenbruke posar, bruke handlenett, sjekke vaskelapp for mikroplast eller ikkje bruke kosmetikk eller hygieneprodukt med mikroplast.

– Folk må tenkje seg betre om

Neverdal oppfordrar folk til å plukke meir søppel.

– Det som vart plukka i går var mesteparten plast. Folk bør vere meir bevisst på kva dei kastar i naturen. Noko av det er sjølvsagt uhell, som for eksempel at noko flyr ut av ein container, seier ho.

– Plast er ikkje eit problem om det hamnar på rette plassen, avsluttar Neverdal.