Sjefsskifte på Saint Jean Wheels


–Etter eige ønskje har eg bede Saint Jean Wheels om avløysing som fabrikksjef. Det seier Ståle Thorbjørnsen til Ytre Sogn.

Pierre Ansay frå Belgia er alt på plass som ny sjef. 57-åringen tok til i jobben denne veka, og det blir ein glidande overgang.

–No får andre ta dette vidare. Det er på tide med nye kostar no når ein er i gang med produksjonen. Det krev mykje energi og ein må ha stor kapasitet. Verksemda står framfor store oppgåver framover, seier han.

-Utfordringa no blir å produsere effektivt og sjølvsagt med kvalitet.

Les meir i papirutgåva fredag!