Siv og døtrene tukta Førde 2


Høyang sitt damelag i handball starta sesongen på best mogleg vis, då Førde 2 vart sendt heim att med 35-16 tap. På Høyang spelte mamma Siv Ølmheim saman med døtrene Sandra og Kristine.

Siv Ølmheim har spelt handball så lenge at ho no kan spele saman med to av døtrene sine på seniornivå. Alle tre var på bana mot Førde 2. Siv og Kristine lagde kvart sitt mål og bak stod keeper Sandra som ein levande vegg. Alle utespelarane for heimelaget kom på skåringslista i sesongdebuten, og fleire skåra sitt første mål på dette nivået.

Les meir i papirutgåva fredag

IL Høyang. Bak frå venstre: Siv Ølmheim, Karianne Gudvangen, Agnete Hjelmeland Ørnehaug, Benedicte Frøyen Bergset, Birgitte Kleive Aardal, Camilla Ueland Komperud, Anja Pettersen. Framme frå venstre: Emilie Tennefoss Ullebø, Sunniva Gudvangen Trollebø, Lisbeth Hovlandsdal Øvreås, Sandra Ølmheim, Kristine Ølmheim, Linn Fjæren.