Lokale nyhende frå Ytre Sogn 17. juni 2019
Ytre Sogn 17. juni 2019

Produksjonen har gått som normalt, også i vekene etter at dei fekk beskjed om at det var slutt på felgproduksjon i Høyanger. -Det tykkjer eg at vi har greidd bra, seier John Inge Skrede (t.h.), her saman med kollegaen Claudio Coroca..

Siste dag med felgproduksjon

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 25. desember 2018

– Ja, no er det siste krampetrekningane vi høyrer, seier John Inge Skrede og ser seg om i lokala til Saint Jean Wheels, der maskinene enno går.

Fredag 21. desember var siste ordinære produksjonsdag hos bedrifta på Hjetland i Høyanger, og med det også slutten for over 40 år med felgproduksjon, etter at eigaren – franske Saint Jean Industries – tidlegare i haust fann at det ikkje lenger var økonomisk forsvarleg å drive vidare.

– Siste ordinære leveranse til Chrysler-fabrikken i USA vart sendt avgarde i går. Men vi reknar med at det blir vel eit par containarar til, med resten av felgane. Men så er det også slutt, seier John Inge Skrede, som har vore kvalitetssjef – og no sist også assisterande fabrikksjef – hos Saint Jean Wheels, til Ytre Sogn.

Han fortel at det har vore spesielt å vere på jobb desse vekene, etter at dei fekk beskjed om nedlegginga.

– Det er klart at det pregar ein, ikkje minst etter kvart som dagen nærma seg. Samtidig har vi prøvd å jobbe som vanleg, og ikkje la det påvirke oss i det daglege. Det tykkjer eg vi har greidd. Det same gjeld det å behalde humøret oppi det heile, seier Skrede.

ste ordinære leveranse til Chrysler i USA vart sendt avgarde 20. desember.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord