Siri vart takka av


Siri Merete Olsen gir seg etter 20 år som aerobicinstruktør. Ho starta tilbodet på Kyrkjebø i januar 1998, og har sidan leia knallharde treningstimar i gymsalen på skulen.

Måndag 7. mai trena ho jentene for siste gong. Ho vart møtt med gåver av ein takksam gjeng som ville markere det heile, og gje klar beskjed om kor mykje desse treningane har betydd for dei opp gjennom åra. Ytre Sogn møtte Unni Kyrkjebø Johansen, Lisbeth Høyvik Haugsbø og Kariann Haugsbø Davenport før hovudpersonen kom. Ho visste nemleg ikkje om markeringa dei hadde planlagt før treninga, men hadde nok teke eit par hint ettersom dei ville at ho skulle møte opp litt før vanleg tid.

–Eg skjønte at det var noko, sa Siri i det ho entra gymsalen med eit stort smil.

Les meir i Ytre Sogn laurdag!