Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. januar 2020
Ytre Sogn 22. januar 2020

– Veldig kjekt, seier Silje Heggø (nr to f.h.) etter at ho i helga vart Årets meklar for tredje år på rad.

Silje kåra til Årets meklar for tredje året på rad

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 13. januar 2020

Ingen selde fleire bustadar av meklarane i EiendomsMegler 1 i Oslo og Viken i 2019, enn Silje Heggø frå Kyrkjebø.

Difor vart ho i helga kåra til Årets meklar i firmaet for tredje året på rad – og i konkurranse med rundt 200 andre meklarar.

I tillegg til å ha seld flest bustader, hadde ho også høgast omsetnad – og veldig nøgde kundar.

– Det ligg mange timar med med arbeid bak, sidan eg ofte er på jobb rundt klokka 7 om morgonen, og ikkje heime før rundt klokka 21. Så det å få ei slik anerkjenning er stort. Det betyr jo at hardt arbeid lønar seg, seier Silje Heggø, som valde å bli eigedomsmeklar fordi ingen dagar er like.

– Og så elskar eg å møte nye menneske, seier ho.

I fjor gjekk ho også over i ny stilling i firmaet ho har vore tilsett i sidan 2012, som avdelingsleiar. Det betyr at ho no driv sitt eige kontor på Majorstuen i Oslo, med seks tilsette.

– Konkurransemessig er det eit av landets tøffaste område å selje bustader i. Så det gjer dette ekstra kjekt, seier ho.

I 2019 gjekk Silje Heggø (t.h.) over i ny stilling, som leiar for EiendomsMegler 1 sitt Majorstuen-avdeling.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord