Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

Både Leif Arne Fureli (f.v.) og Asle Værøy er nøgde med at opparbeidinga av ny avkøyrsle er i gang.

Sikrare avkøyrsle i Kråkevika

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 7. desember 2017

– Det har lenge vore planar om å gjere noko med avkøyrsla til industriområdet i Kråkevika, slik at den blir sikrare, seier Asle Værøy i Høyanger kommune til Ytre Sogn.

No er arbeidet i gang. I førre veke starta L. A. Fureli Maskin å grave, slik at avkøyrlsa til området nedanfor fylkesveg 55 i Vadheim blir flytta noko lenger vest, og dermed meir oversikteleg.

– I dag er avkøyrsla til industriområdet omtrent midt i svingen gjennom Kråkevika, og spesielt når ein skal køyre frå industriområdet og inn på fylkesvegen att er sikten avgrensa. Bilane innafrå kjem brått på, og det er vel berre flaks at det ikkje har skjedd ulykker som følgje av det, sjølv om det nok har vore nære på enkelte gonger. Men no vil ikkje det lenger vere eit problem, i og med at avkøyrsla blir flytta heilt i utkanten av området, mot Vadheim sentrum. Det betyr også at vi no får eitt samanhengande industriareal, i staden for to, i og med at det har vore delt av vegen, seier avdelingsingeniør Asle Værøy i Høyanger kommune.

Veg til båthamn

Han fortel av den nye vegen vil følgje Kråkeelva heilt ned til småbåthamna, som ligg nedanfor industriarealet.

– Det er også ein del trafikk til og frå båthamna. Så det er nok fleire som er nøgde med arbeidet som no er i gang, seier Værøy og peikar på at reguleringsplanen for dette området er frå slutten av 1980-talet.

Heilt sidan den gong har det vore meininga å flytte avkøyrsla. Men det har stadig blitt utsett, i påvente av at Statens vegvesenet skulle utbetre heile svingen på fylkesveg 55 gjennom Kråkevika. Planen var å ta begge deler samtidig. Men ingenting har blitt gjort med den, på grunn av manglande løyvingar.

– Så no fann vi at vi ikkje ville vente lenger, men setje i gang på industriområdet, seier Værøy.

Difor er det også kommunen sjølv som tek kostnadane. Ifølgje Værøy er det snakk om knapt 100.000 kroner. –

For oss er det viktigaste at noko blir gjort med avkøyrsla, seier han.

Gølatt vinterstid

Det er også Leif Arne Fureli og bedrifta hans, som leiger delar av industriområdet, nøgd med. Han fortel at dei har bilar og anna utstyr ståande i Kråkevika, og difor brukar avkøyrsla ofte.

– Vi skal gjerne inn på fylkesvegen med store, tunge bilar, og treng lenger tid enn andre, mindre. Då er vi avhengige av god sikt, noko som ikkje er tilfelle no, sjølv om vi har teke bort noko vegetasjon langs vegen, seier han.

Spesielt vinterstid, når det ofte er glatt gjennom svingen i Kråkevika, kan det by på utfordringar.

– Så eg er nøgd med at dette no vert teke fatt i, seier Fureli.

Bedrifta hans har også fått oppdraget med å lage den nye avkøyrsla, og han reknar med at både den og vegen skal vere ferdig om ikkje altfor lenge. Etterpå blir det å rydde området for byggjemateriale og anna som har stått lagra der sidan vegvesenet nytta det, før det blir planert ut. Ifølgje Værøy håpar dei imidlertid å vere ferdige på denne sida av årsskiftet.

– Det som kan by på utfordringar er at vi har nokre problemvekster på området – såkalla kjempeslirekner. Dei har svartelistestatus, og må difor fjernast etter heilt spesielle rutinar.

Her ser vi avkøyrsla til industriområdet i Kråkevika i Vadheim slik den er no (1), og slik den etter kvart blir (2). (Illustrasjon: Høyanger kommune)
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord