Signerte avtale


Onsdag denne veka signerte ordførarane i Fjaler kommune og Hyllestad kommune ny avtale om felles kulturskule.

Avtalen er til erstatning for gjeldande avtale.

-I samband med budsjettprosessen i Fjaler i 2015 kom det opp spørsmål om kostnadsnivået på den felles kulturskulen for Fjaler og Hyllestad. Det vart gjort vedtak i Fjaler som viste seg å gå på tvers av avtalen vedkommande finansiering. Dette vart påpeika frå vertskommunen, Hyllestad, og Fjaler gjorde budsjettvedtak innanfor gjeldande avtale, men og at dei ville reforhandle avtalen, seier ordførar i Hyllestad, Morten Askvik om bakgrunnen for det heile.

No er forhandlingane avslutta, og den nye avtalen er vedteken i begge kommunestyra, og onsdag denne veka kunne han og ordførarkollega Gunhild Berge Stang i Fjaler signere den nye avtalen i fellesskap.

-Fellesavtalen regulerer finansiering som gir føreseielege rammer for kulturskulen. Den vil i hovudsak kunne vidareføre sin aktivitet på same nivå som etter den tidlegare avtalen, seier Askvik.