Signe (40) blir ny butikksjef i Vadheim


- På mindre stader får du nærare kontakt med dei som bur der og som handlar på butikken. Så det gler eg meg til, seier Signe Rønning-Baatard (40) til Ytre Sogn.

Ho er no tilsett som butikksjef for Coop Marked i Vadheim, og allereie 1.oktober startar ho opplæringa, saman med Hege Pettersen som har hatt stillinga dei siste par åra.



- Men frå 1.november må eg klare meg på eiga hand, seier Signe Rønning-Baatard (40) og smiler.



Fram til no har ho jobba hos Extra Høyanger.



- Så eg er ikkje ukjent med bransjen. Men det er innanfor hotellfaget eg har utdanning og seinare arbeidserfaring, seier ho til Ytre Sogn.


Utdanninga si tok ho i landet som er kjend for å dere blant dei beste i faget, nemleg Sveits. Det gjorde ho i byen Chur, ikkje langt frå kjende vintersportsstader som Davos og St Moritz. Siste åra har ho imidlertid hatt ulike leiarstillingar i Norge, no sist som resepsjonssjef på hotell i Bergen, der ho opphavleg kjem frå.



- Så om eg ikkje har vore mykje i butikk, har eg lang erfaring frå servicebransjen. Begge stader handlar det jo om kontakt med menneske og å yte service overfor dei, som også er det eg likar med det, seier Rønning-Baatard.



Les meir i neste Ytre Sogn!