Lokale nyhende frå Ytre Sogn 10. april 2020
Ytre Sogn 10. april 2020

I Høyanger tek ein no i bruk såkalla «drive in»-løysing for å teste innbyggjarar for korona. Tysdag vart det arbeidd med å setje opp teltet, på parkeringsplassen til det nye NAV-bygget

. (Foto: Bodil T. Rørvik)

Set opp telt for korona-testing i Høyanger

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 17. mars 2020

Tysdag vart det arbeidd med å setje opp telt i Høyanger sentrum, som folk køyrer bil inn i for å bli testa for koronasmitte.

Det er å finne på parkeringsplassen ved det nye NAV-bygget.



– Vi har fått verifisert det første tilfellet av korona-smitte i Høyanger kommune, og veit at det truleg vil utvikle seg. Difor ønskjer vi no å opprette ein luftvegsklinikk i underetasjen på NAV-bygget, og i samband med det vil vi også leggje til rette for prøvetaking frå bil, slik at vi ikkje har fleire enn nødvendig inn i klinikken, seier Kristine Brix Longfellow, kommuneoverlege i Høyanger, til Ytre Sogn.



Det heile vil skje ved at ein køyrer bilen inn i teltet, sveiver ned ruta for så å ryggje ut igjen når prøven er teken.



– Frå helsestyresmaktene kom det først pålegg om at vi skulle reise heim til folk og teste dei. Men vi ser at det er både tid- og ressurskrevjande. Det er langt meir effektivt å gjere det slik, seier ho, men understrekar at dei som vil bli testa må kontakte legekontoret først. 



Det er altså ikkje slik at ein berre kan møte opp ved teltet.



– Det er fem-seks kriterier for å bli testa for koronasmitte, sett av helsestyresmaktene, og dei må vi følgje. Så ta kontakt med legekontoret først, seier Brix Longfellow, og fortel at dei allereie i helga gjorde dei første prøvetakingene frå bil.



Det skjedde både laurdag og søndag, på baksida av helsesenteret.



- No vil det skje i teltet ved NAV-bygget, men fordi det er meldt sterk vind i dag, vil ikkje duken kome på før i morgon, tysdag, seier ho.



⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord