Set Arne Næss–klassikar inn i ei etisk ramme


Eilert Jan Lohne frå Høyanger tykkjer ærefrykt er eit sterkt ord når vi vil vite korleis det er å skulle gje ut ei bok som tek utgangspunkt i ein klassikar av Norges mest kjende filosof.

Boka han snakkar om er «Ein del elementære logiske emner» - også kalla ELE – skriven av Arne Næss.. – Eg vil heller seie at eg har stor respekt for det arbeidet Næss gjorde. Eg står jo - som mange andre lærebokforfattarar til Examen Philosophicum (ex.phil.) – på Næss sin skuldrar. Men eg kritiserer han også, seier Eilert Jan Lohne (75) – sjølv mangeårig førelesar i logikk på Universitetet i Bergen – til Ytre Sogn.

Les meir om saka i Ytre Sogn tysdag!