Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

-Heile byggfasaden vil etter kvart bli skifta ut, seier Frode Øren, styreleiar i Høyanger Bustadstiftinga, om bygget som dei no har kjøpt i Elvegata 22 i Høyanger.

Blir rusta opp for 15-18 millionar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 3. november 2017

– Vi reknar med å bruke store delar av 2018 på å totalrenovere bygget i Elvegata 22, seier styreleiar Frode Øren i Høyanger Bustadstifting, til Ytre Sogn.

Arbeidet er no i gang, etter at dei tidlegare i haust kjøpte Elvegata 22 i Høyanger. For det 1200-1300 kvadratmeter store bygget gav Høyanger Bustadstifting 2,5 millionar kroner.

– Nokre vil seie at det er ein rimeleg pris for eit bygg av denne storleiken, og med plassering sentralt i Høyanger, men ikkje når ein ser på behovet som er for oppgradering. For oss er det snakk om ei vesentleg investering for at bygget skal tilfredsstille dagens standard. Kostnadsoverslaga vi har utarbeidd viser ein stad mellom 15 og 18 millionar kroner, seier Frode Øren, styreleiar i Høyanger Bustadstifting, til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord