Senter for forbetringsarbeid i Høyanger


Hydro har nominert Høyanger som referanseverk for forbetringsarbeid. Det betyr at dei skal vere vertskap for kursing av Hydro-tilsette frå heile landet.

Kursa i forbetringsarbeid vil også bli tilgjengeleg for andre selskap som vil lære korleis Hydro jobbar med kontinuerlig forbetringsarbeid, opplyser dei i ei pressemelding.

– Vi har bygd forbetringskultur og system gjennom meir enn 100 år med aluminiumsproduksjon i Høyanger, og vi har lange tradisjoner med å dele denne kunnskapen både internt og eksternt. No etablerer vi eit eige konferansesenter i Høyanger, der vi kan tilby kurspakkar. Styrken vår er at vi kan tilby kurs som inneheld teori og praksis på ein og same sted. Vi kan rett og slett vise korleis forbedringssystemet fungerer i dagleg operasjonell drift, seier fabrikksjef Stian Tangen.