-Vi fekk inn ei ny forsyning med puslespel for berre ei veke sidan, men allereie no er hylla i ferd med å bli tom igjen, seier Aud Therese Rand Jonsson hos Høyanger Bok og Papir.
Medan andre butikkar slit, opplever bokhandlarar og andre som sel brettspel, puslespel og liknande, auke under koronakrisa. Det gjeld også Høyanger Bok og Papir i Sæbøgården. - Det byrja omtrent med ein gong skular og barnehagar stengde. Første tida var det brettspel og aktivitetsbøker det gjekk mest av. Men etterpå har også puslespela gått unna. Ja, det er det vi sel mest av akkurat no, og ikkje kun til borna. Vaksne er like ivrige, seier butikkmedarbeider Aud Therese Rand Jonsson, og nikkar mot hylla som for ikkje meir enn ei veke sidan var fullt med puslespel. No har dei berre eit fåtal igjen. - Vi fekk ny forsyning med puslespel sist veke, etter å ha bestilt over 50 ulike motiv, men det er ikkje så mange igjen. Vi har nokre få med 1000 brikker. Dei meir avanserte puslespela, med 1500, 2000 og 3000 brikker, har vi ingen igjen av. Det har nok med å gjere at også vaksne no har «hive seg på» denne aktiviteten, seier ho og trur at dei siste veka åleine har seld 50 puslespel, kanskje endå meir. I tillegg kjem brettspel, som det også har gått ein heil del av. Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!