Seks vil bli kommunedirektør i Hyllestad


-Vi er nøgde med søkjartalet, og meiner at blant dei seks på lista er ein kandidat som vi kan få plass som ny kommunedirektør, seier ordførar Kjell Eide i Hyllestad til Ytre Sogn.

Etter to år som kommunedirektør i Hyllestad kommune reiser Gunn Lerøy til Lærdal for å byrje som kommunedirektør der. Den 31. mai gjekk søknadsfristen for stillinga som kommunedirektør i Hyllestad ut, og seks søkjarar hadde då meldt si interesse.


På søkjarlista er det to kvinner og fire menn. Fem av dei har oppgitt offentleg rolle eller noverande stilling som grunn til å få namna sitt unnateke den offentleg søkjarlista. 
Søkjaren som er offentleggjort er 24 år gamle Snorre Storsveen frå Gjøvik, som er prosjektleiar.


-Prosessen med å finne ein erstattar er allereie i gang, og i førre veke hadde ei innleiande runde. Der valde vi ut to kandidatar som torsdag denne veka skal møte til andregangs intervju, i lag med administrasjonsutvalet som er tilsettingsnemnd. Vi trur og håpar at vi har på plass ein kandidat etter det, og at tilsetting av ny kommunedirektør vil skje på kommunestyremøtet førstkommande torsdag, seier Eide.