Seks nye husvære i Storgata 33


- Eit renoveringsprosjekt med oppussing av heile seks husvære i Høyanger sentrum er sjølvsagt ein økonomisk risiko, men vi trur marknaden er til stades, seier Ove Dyrdal til Ytre Sogn.

Etter at bygget i Storgata 33 har stått tomt i fleire år vart det i sommar av det nystarta selskapet Storgata 33 AS. Bak selskapet finn vi snikkar Ove Dyrdal som til dagleg driv selskapet O D Bygg i Høyanger og bergensaren og prosjektleiar i Frøland og Noss Elektro AS, Eivind Simonsen, som etter oppkjøpet har starta eit stort renoveringsprosjekt av eigedommen.

I det store bygget som mange i Høyanger har eit forhold vil det bli til saman seks nye husvære. Dei vil få eit areal på 47 til 98 kvadratmeter, og ha minst to soverom med unntak av eit. Det øvste husværet vil gå over to etasjar, der ein også får litt fjordutsikt.

Les meir i Ytre Sogn fredag!