Seier nei til vindkraft i Høyanger kommune


I formannskapsmøtet tysdag kom Høyanger Ap med framlegg om at område i deira kommune blir tekne ut av nasjonal ramme for vindkraft, noko fire av fem representantar var samde i.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har som kjent peika ut 13 landområde rundt om i Norge, som dei meiner eignar seg for utbygging av vindkraft. To av områda er i Høyanger kommune, eit på sørsida av Sognefjorden og eit på nordsida.

Men dei vil Arbeidarpartiet no skal takast ut av Norges vassdrags- og energidirektorat sitt framlegg til nasjonal ramme for vindkraft på land, og då formannskapet denne veke skulle diskutere kommunen sin høyringsuttale til denne, kom ordførar Petter Sortland med framlegg om dette, samt fem andre punkt.

– Dette er ei sak som berører oss i høgste grad. Høyanger komme er omtala i to område i planen, 18 og 19, og innanfor dei ser ulike aktørar på to område på nordsida og eit på sørsida. Vi lanserer her ein uttale på seks punkt, sa han og las dei opp.

Dei går blant anna på at kommunane skal kunne påverke og kunne legge ned veto mot vindkraftutbygging innanfor sine grenser.

– At kommunane vert fråteke ansvar og mynde i eiga arealdisponering, er udemokratisk og ikkje akseptabelt, sa Sortland.

Han trakk også fram dei negative konksekvensane som følgde med å plassere desse store industrianlegga i ofte urørt natur, samt at den økonomiske kompensasjonen frå anlegga for kommunane sin del avgrensa seg til eigedomsskatt.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!