Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

I løpet av nokre månader har bonde Per Johan Brekke i Bjordal gått frå båsfjøs til lausdrift. Tilsaman har han investert nærmare 10 millionar kroner i den nye fjøsen, som no er teken i bruk.

Satsar på lausdrift i Bjordal

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 27. november 2017

Bonde Per Johan Brekke er ikkje redd for å satse. No står ein nytt lausdriftsfjøs til nærmare 10 millionar kroner ferdig på garden hans i Bjordal.

>- Dei som vil ha ny fjøs i dag må byggje for lausdrift, det vil seie at kyrne går høvsvis fritt omkring. Etter kvart som eg byrja å rekne på det – og såg at det var moglegheiter for å gjere det – var det eigentleg ikkje noko vanskeleg avgjerd å ta, svarar Per Johan Brekke på spørsmålet om kvifor han valde å satse.

Og no, eit par år etter at han byrja å tenkje på det – står den nye fjøsen med liggjebåsar til 40 kyr – ferdig.

– Men det er mogleg å utvide med 10 til om eg finn ut at eg vil det, slik at eg kjem opp i 50 totalt, seier bonden medan han viser rundt i den nye lausdriftfjøsen,med ein kostnad på nær 10 millionar kroner.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord