Satsar på kulturhusa


Sogn og Fjordane Ungdomslag satsar på ungdomshusa, grendehusa og andre organisasjonseigde kulturhus i fylket. No lyser dei ut fast stilling som rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag.

Det var årsmøtet i Sogn og Fjordane Ungdomslag som gjorde vedtak om satsinga.

- Eg er svært glad for at satsinga på Huset i bygda blir vidareført og utvikla, seier Hildegunn Gjelsvik frå Eikås Ungdomslag i Jølster, som vart attvald som leiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag under årsmøtet.

Uvurderleg verdi

- Det er viktig at aktivitetane som går føre seg rundt om i fylket, vert vidareførde. Nye kulturaktivitetar vil komme til, og alle desse vil måtte ha ein stad å vere, i eit kulturhus. Huset i bygda har dei siste åra vore ein vesentleg bidragsytar til arbeidet i ungdomslaga og andre lag, fortel Hildegunn Gjelsvik.

I 2010 starta Sogn og Fjordane Ungdomslag prosjektet Huset i bygda. Sidan den gong har det blitt arrangert over 40 kommunevise samlingar for lokale kulturbygg, og invitert til årlege kulturhuskonferansar. Gjennom prosjektet har ein også laga nettsida husetibygda.no, og drive med direkte rettleiing av lokale huseigarar.

- Aktiviteten og utviklinga som skjer i dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga i fylket er av uvurderleg verdi. Husa er viktige møteplassar og kulturarenaer, og mange stader er desse husa sjølve «limet i bygda». Arbeidet som prosjektleiar er gjevande og lærerikt, og spesielt kjekt er det å bidra til igangsetjing av ny aktivitet og få i gang utvikling og modernisering av bygg, fortel Ingunn Nyheim som har vore prosjektleiar dei siste tre åra.

Fast stilling

I løpet av dei seks åra Huset i bygda har halde på har det òg blitt starta tilsvarande prosjekt i Hordaland og Møre og Romsdal etter modell frå Sogn og Fjordane. Moderorganisasjonen Noregs Ungdomslag har mål om å starte Huset i bygda i endå fleire fylke i tida framover.

Sogn og Fjordane Ungdomslag tek no sats og lyser ut fast stilling i 50 prosent som rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag. Mykje av stillinga vil vere knytt til vidare arbeid med Huset i bygda, og ein mindre del vil vere som rådgjevar for dei lokale ungdomslaga som er knytt til Sogn og Fjordane Ungdomslag.

- Vi ser at mange lag har vanskar med ulike søknadsprosessar. Det er difor viktig at vi no kan vidareføre ordninga med ein person som kan hjelpe til med desse prosessane rundt om i dei ulike laga, fortel fylkesleiaren Hildegunn Gjelsvik.