Sandra Vågen best i møtet med Vik


Høyanger-damene slo tilbake etter to tap og vann fortent 2-1 over Vik måndag ettermiddag. Vik fekk aldri heilt tak i lynraske Sandra Vågen, som skåra det første målet og vart kåra til Høyang sin beste spelar.

Kampen var ganske jamn i starten og gjestane frå Vik fekk den første sjansen etter ein corner. Skotet gjekk i nettveggen og heimelaget slapp med skrekken etter to minutt.

Jente med fart

Sandra Vågen er ein kjemperask spelar og etter 13 minutt fekk ho ei krempasning frå Linn-Jeanette Dønnem Selnes. Vågen sprang frå heile Vik-forsvaret, men klarte ikkje å få ballen mellom stengene. Sjølv om Vik var klar over farten hennar hadde dei ikkje ein sjanse til å halde følgje når ho suste nedover venstresida.

Etter 24 minutt gjekk Guro Sagen Knudsen i ein duell og Vik-spelaren gjekk i bakken. Ballen hamna i beina på Vågen som small til frå relativt langt hald og ballen gjekk inn i det lengste hjørnet - til ville protestar frå gjestane. Dei meinte at domar Stein Otto Førde frå Breimsbygda IL burde ha blåst for frispark i duellen før skotet.

Les meir om kampen i Ytre Sogn fredag