Samla sanitetskvinner frå heile fylket


Med Høyanger Sanitetsforeining som vertskap var om lag 80 sanitetskvinner frå heile Sogn og Fjordane samla til det 70. årsmøtet i Høyanger i helga.

Til Ytre Sogn fortalde leiar i Høyanger Sanitetsforeining Berit Oma at ho var svært nøgd med at så mange var samla til møtet i Høyanger.
–Det er kjempekoseleg å vere vertskap for møtet, der ein treff mange kjentfolk, men heldigvis også mange nye. Det er 20 år sidan vi hadde møtet i Høyanger sist og då feira vi 50 årsjubileum som eige fylkeslag.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!