Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Frisørelev Linn Bergum i full konsentrasjon.

Samarbeider om teaterstykke

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 6. november 2018

For andre året på rad samarbeida frisørlina ved Høyanger vidaregåande skule og Sunnfjord folkehøgskule. I fjor stod musikalen «Hairspray» på programmet, i år er det teaterstykket «Hakkebakkeskogen».

Sunnfjord Folkehøgskule satsar stort på sceneframsyningar og dei siste åra har dei sett opp blant anna Fame, Grease og Hairspray, sistnemnde i tett samarbeid med frisørlina ved Høyanger vidaregåande skule.

– Folkehøgskulen var nøgde sist og ville samarbeide med oss på nytt i år, seier lærar Ingunn Eikås til Ytre Sogn.

Ho er lærar på frisørlina, og saman med lærarkollega Kristin V. Sande serdei til at elevane deira held eit høgt tempo, for det er mange som skal sminkast og fiksast på.

–No har vi fem elevar som skal pynte dei som skal spele i teaterstykket basert på Thorbjøn Egner si forteljing om «Hakkebakkeskogen» i Førdehuset. Dei synest det er kjempekjekt å få oppdrag som går på noko anna enn vanleg frisering og sminking, seier Eikås.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

–Folkehøgskulen var nøgd sist og ville samarbeide med oss på nytt også i år, seier Ingunn Eikås, som er lærar på frisørlina ved Høyanger vidaregåande.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord