Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. august 2018
Ytre Sogn 20. august 2018

– Det finst ikkje maken nokon annan stad. Maskina er spesialbygd for produksjonen vår, seier Jan Henning Øyehaug (t.v.) og John-Inge Skrede hos Saint Jean Wheels om den nye friksjonssveisemaskina til 10 millionar kroner som no er på plass i produksjonshallen deira i Høyanger.

Nye investeringar i Høyanger

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 1. februar 2018

– Med den nye maskina har vi fått ei komplett produksjonsline her i fabrikken, seier John Inge Skrede og Jan Henning Øyehaug hos Saint Jean Wheels (SJW) i Høyanger.

Tilsaman har dei franske eigarane i Saint Jean Industries (SJI) brukt 10 millionar kroner på den nye friksjonssveisemaskina som no er på plass i produksjonshallen på Hjetland, i det som vert kalla sveisesenteret.

– Det finst ikkje maken nokon annan stad, seier John-Inge Skrede, assisterande fabrikksjef hos Saint Jean Wheels, om maskina.

– Den er spesialbygd for produksjonen vår av todelte hjul, bygd opp rundt dei erfaringane vi har gjort oss undervegs, seier Skrede og forklarar korleis den sveiser saman dei to delane som hjula deira består av.

– Med den med den på plass har vi fått ei komplett produksjonsline her på fabrikken i Høyanger, seier Jan Henning Øyehaug, som er bedrifta sin tekniske sjef.

Les meir i Ytre Sogn ferdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord