SafeClean opnar avdeling i Sløvåg


Om berre nokre månader opnar SafeClean i Høyanger si nye avdeling i nabokommunen Gulen.

- Vi overtek bygget den 1. januar, men kjem til å bruke første kvartal til å tilpasse det aktiviteten vi skal ha inn. Så i andre kvartal reknar vi med å vere i drift, inne på industriområdet i Sløvåg, seier Kjetil Hansen, dagleg leiar i Høyanger-bedrifta SafeClean, til Ytre Sogn.

Dei overtek bygget som tilhøyrde Johny Birkeland Transport, no Norva24 Birkeland, samtidig med at dei flyttar inn i nybygg på nabotomta.

Les meir i Ytre Sogn fredag!