Rysjedal reagerer på at rapport ikkje vart registert


Raudt-representantEinar Rysjedal reagerer på at den førebelse rapporten om barnehage- og skulestruktur i Høyanger kommune ikkje stod oppført i postlista deira. Det er no endra på.

– Høyanger kommune fekk rapporten om barnehage- og skulestrukturen tidleg i desember, men har halde den for seg sjølv. Det er uakseptabelt. Rapporten om framtidig barne- og skulestruktur må vere offentleg tilgjengeleg slik at alle kan få lese den, seier kommunestyremedlem i Raudt, Einar Rysjedal, om det som ikkje er den endelege rapporten. Det er Telemarksforsking som har fått i oppdrag å lage rapporten for Høyanger kommunen.

Les meir i Ytre Sogn fredag