Ryddedag med fokus på plast


Onsdag var elevar frå Høyanger skule i gang med sin årlege ryddeaksjon før den store feiringa av nasjonaldagen fredag. I år vart elevane også utfordra av Høyanger kommune til å plukke plast.

-Denne ryddeaksjonen har vore ein tradisjon i mange tiår, der alle skulane rundt om i kommunen ryddar for å gjere det fint til 17. mai. I år er det spesielt fokus på plast som vi ikkje har hatt tidlegare, sidan kommunen har gitt elevane utfordringa med også å plukke plast som dei finn ute. Den skal oppi eigne sekkar for plastavfall, noko vi vil ha ein ekstra sjekk av når dei er ferdige. I tillegg til bollar og saft sponsa av Plan og utvikling, får alle elvane kvar si drikkeflaske i premie av kommunen for innsatsen sin. Det hjelper å ha slike ryddeaksjonar men det skulle vore endå fleire i løpet av året fordi det er uendeleg mengder med bos, seier leiar for drift og vedlikehald i Høyanger kommune, Olav Nordgulen, til Ytre Sogn.

Må bli flinkare
To av elevane som var ute og rydda og tykte at det er altfor mykje boss liggande slengt rundt omkring var 4.klassingane Lovinda Linden og Christina Menges.
-Der vi har rydda har vi funne blant anna sigarettsneipar, papir og plast, og det er ikkje så fint når bos ligger overalt. Så vi håpar at alle kan bli flinkare til å kaste ting i bosspanna som er rundt omkring, og ikkje på bakken, seier dei.

Meir om saka i Ytre Sogn tysdag