Rørande møte på sjukeheimane


- Det er rørande sjå kva desse møta betyr, både for bebuarar og pårørande, seier Sonja Myrekrok, institusjonsleiar ved Høyanger sjukeheim, til Ytre Sogn.


På grunn av koronakrisa er dei to sjukeheimene i kommunen stengde for besøk av pårørande og andre. Men det treng ikkje vere til hinder for at bebuarane framleis kan sjå og høyre dei næraste. 

Det har dei tilsette ved sjukeheimene i Høyanger og på Kyrkjebø no sørga for, ved å gå til innkjøp av iPad’ar til alle bugrupper.



Sonja Myrekrok, som er institusjonsleiar for Høyanger sjukeheim, fortel til Ytre Sogn at idéen har vore oppe tidlegare.



- No som sjukeheimene er våre stengde for besøk tok vi idéen fram att, slik at bebuarane får høve til å ha kontakt med dei næraste likevel. Og leiinga gav med ein gong klarsignal til det, fortel ho til Ytre Sogn.



I alt sju nye iPad’ar vart difor bestilt, og i helga vart dei tekne i bruk. 



Og ho fortel om mange rørande møte rundt om på sjukeheimane.



- Responsen har vore heilt fantastisk, både hos bebuarar og pårørande. Ja, gleda nærast lyser ut av augo deira når dei ser kvarandre på skjermen. Ja, det er rørande å sjå, også for oss som jobbar her, seier Myrekrok og nyttar høve til å rose alle pleiarane som er med og legg til rette for at desse møta kan finne stad.

- Dei fortener verkeleg ros for måten dei står på i ei tøff tid, seier ho.


Ho opplyser elles at pårørande til bebuarar på sjukeheimane i Høyanegr og på Kyrkjebø som ønskjer slike digitale møte kan få det ved å ringje den aktuelle bugruppa, så vil pleiarar sørge for at dei vert sett opp.