Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. juli 2019
Ytre Sogn 22. juli 2019

- Førebels er det ganske rolig, men erfaringsmessig vil det ta seg opp i midten av juli, seier Jar Henning Øyehaug, leiar i fiskeutvalet til Høyanger Jakt- og Fiskelag, om sesongen til no i Daleelva i Høyanger.

Roleg start på årets fiskesesong

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 30. juni 2019

–Førebels er det ganske roleg, men erfaringsmessig så vil det ta seg opp frå midten av juli, seier Jan Henning Øyehaug, leiar i fiskeutvalet i Høyanger Jakt og Fiskelag, til Ytre Sogn.

Sidan fiskesesongen starta 1.juni er siste oppdaterte fangsttal på 63,5 kilo, med ni laks på mellom 5,5 og 10 kilo, samt ein oppdrettslaks på 11,1 kilo.

– No tidleg i sesongen er det lengst nede i elva at det er størst sjanse for å få fisk, og då gjerne dei store. Forklaringa på det er at fisken brukar tid gjennom osen før den fortset oppover elva i dalen. Når vi kjem lengre ut i sesongen og vatnet blir varmare sym fisken fortare, og kan bruke så lite som seks til åtte timar frå fjorden og opp i Dalen, fortel Jan Henning Øyehaug, leiar i fiskeutvalet i Høyanger Jakt og Fiskelag, til Ytre Sogn.

Han fortel at det til no er selt over 70 sesongkort, men at dette talet mest sannsynleg vil auke utover i sesongen.

– Dei siste åra har salet lege på mellom 90 og 110 sesongkort. I fjor var det 106 fiskarar med sesongkort og 15 som kjøpte døgnkort. Det er ikkje så mange som kjem hit eksplisitt for å fiske, men det er ein del tilreisande som ønskjer å prøve seg på laksefiske medan dei er på besøk her. Tilleten reiskap som kan nyttast er floge, mark og sluk, seier han.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord