Robotar tek over Kyrkjebø skule


Olav Luggenes og sonen Ole Ivar held kurs i robotbygging på Kyrkjebø skule. Deltakarane kosar seg i ”Myldrerommet” der fjernstyrte robotar av Lego blir til på kveldstid.

Leiar i Kyrkjebø ungdomslag, Olav Luggenes, ville undersøke kva ungdommane  helst ville ha som fritidsaktivitetar. Eit spørjeskjema vart distribuert ut via ein hjelpande rektor, Bjørn Berge.

Tilbakemeldinga frå elevane var klar og for første gong vart det bygging av avanserte Lego-robotar ved skulen. Med Olav si erfaring som lærar frå høgskulen i Førde, og no seinare som dataansvarleg på Hydro Høyanger, passar oppgåva som instruktør på dette feltet godt inn.

Les meir i Ytre Sogn tysdag