Robinson Navy med utfordring til folket


Siste veka har medlemmane i Robinson Navy i Høyanger utfordra kvarandre når det gjeld å registrere tal steg dei går. No vil dei ha med endå fleire.


- No er ei tid der mange ungdomar blir sitjande heime åleine og kjedar seg. Difor tenkte eg at det kunne dere bra med ei utfordring, som også gjorde at dei kom seg ut, og i aktivitet. Sjølv er eg delvis permittert som følgje av koronakrisa, og har mykje ledig tid. Det er eg ikkje så god på, og difor kom eg opp med ette, , seier miljøarbeidar Alex Ek - og «kaptein» for båtprosjektet Robinson Navy - til Ytre Sogn.

Utfordringa dei fekk var å samle flest mogleg steg via mobiltelefonapp’en Fitbit over ein fem dagars periode, frå måndag til fredag. Ein skulle gå minimum 10 000 steg kvar dag, og responsen let seg ikkje vente på.


- Den som gjekk lengst enda på 116 515 steg, og fekk med det gjeveste av premiane som vart delt ut til dei tre beste, seier Ek.


Det var imidlertid ingen som fekk den lova ekstrapremien om dei gjekk lenger enn «kapteinen sjølv». Han enda nemleg på over 170 000 steg. 


- Sidan det heile vart så populært, går vi no ut med same utfordringa til alle andre. Det er berre å laste ned Fitbit-app’en på mobiltelefonen og setje i gang. 
Utfordringa gjeld frå måndag til fredag, og han reknar med at den vil pågå over fleire veker. 


- Når vi kjem til laurdag må dei som er med sende bilete av steg og kilometeravstand til facebook-sida vår, for å få det godkjend. I løpet av helga blir så vinnarar kåra og publisert der, seier han.


Premien er, ifølgje Ek, heider og ære.


Vi har som mange sikkert veit veit avgrensa med midlar, så det må bli med det. Og god helse, sjølvsagt, seier han, og minner samstundes dei som blir med om å halde god avstand når dei er ute og går og møter på andre.

Ein skal heller ikkje gå i store grupper.


- Det er utruleg viktig å hugse på i desse tider, seier han.