Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. september 2019
Ytre Sogn 20. september 2019

Med kyndig slepehjelp vart den 49 fot lange seglbåten med namnet «Robinson Navy» trygt fortøydd til kai i Høyanger onsdag kveld.

«Robinson Navy» har lagt til kai

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 14. juni 2019

Onsdag kveld var folk samla nede på kaien i Høyanger for å ta i mot den gamle seglbåten som skal restaurerast og gjerast klar til sjøtokt av lokal ungdom.

– Det er ein gamal båt og ganske mykje som må gjerast, så det blir ein utfordrande jobb med å setje den i stand. Men det blir ekstremt kjekt og eit veldig lærerikt prosjekt å få vere med på, seier Zakarias Bergman Førde, Vegard Lykkebø og Magnus Helle, nokre av ungdomane som saman med miljøarbeidar Alex Ek, er med på det som vil bli ein alternativ opplæringsarena for lokal ungdom i alderen 13-19 år.

Dei var sjølvsagt til stades på kaien onsdag kveld, då den 49 fot lange seglbåten som har fått namnet «Robinson Navy» kom til Høyanger.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

–Det blir ein utfordrande jobb å setje båten i stand, seier Zakarias Bergman Førde, Vegard Lykkebø og Magnus Helle til Ytre Sogn.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord