Lokale nyhende frå Ytre Sogn 25. mai 2019
Ytre Sogn 25. mai 2019

Kortet med sitatet «Kontroller at hjernen er tilkobla før munnen opnast» passa så bra til meg, så det har eg hatt med meg i mange år, fortel Rita Flaten med eit stort smil.

Rita takkar av etter 48 år i kommunen

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 11. mars 2019

På sjølvaste kvinnedagen fredag 8.mars takka Rita Flaten av etter å ha hatt ulike sekretærroller i Høyanger kommune gjennom heile 48 år.

Dama med den lange fartstida i kommunen starta arbeidskarriera allereie som 15-åring med sommarjobb i kjøtt- og fiskedisken på S-laget. Etter eit år på handelskulen på Voss kom ho tilbake til heimbygda og jobba ei kort stund som kassadame, før ho begynte i ny jobb på kontoret på Tronvik psykiatriske behandlingsheim.
– Eg likte meg veldig godt der, men som 17-åring utan sertifikat var det å kome seg til og frå jobb med buss ikkje alltid like enkelt. Men ein ny moglegheit opna seg då ei stilling i økonomiavdelinga i det som den gang heitte kommunekassa vart lyst ut, og som eg var heldig å få. Som den yngste i staben blant stort sett middelaldrande menn var eg der frå 8. mars 1971 fram til 1979, då eg fekk ei ny rolle som sekretær på formannskapskontoret, fortel ho.

Politisk sekretær
I samband med ny kommunelov i 1992 vart det laga eit skille mellom administrasjon og politikk, og den dedikerte og ambisiøse dama fekk etterkvart ny tittel som politisk sekretær med ordføraren som sin overordna. Som politisk sekretær frå 1995 har ho jobba under ordførarane Kjartan Longva og Petter Sortland, men i kommunekarriera samla har ho jobba for totalt seks ordførarar.
– Dei to som eg har jobba lengst med er Arvid Lillehauge, både som ordførar og rådmann, og Kjartan Longva, som begge var veldig gode sjefar. Inntrykket av Longva som ein politikar med stor P blir ofte misforstått med sin litt arrogante veremåte, men den mannen er rett og slett ein av dei snillaste personane eg kjenner, seier ho.
Vidare fortel ho at det stort sett har vore mannfolk ho har jobba mest med alle desse åra, med unntak av May-Britt Birkeland som ho jobba tett saman med i om lag 20 år før ho i 2007 døydde av brystkreft berre 39-år gamal.
– Ho var ein fantastisk blid og koseleg person som eg jobba veldig tett og godt i lag med. Så året etter at ho gjekk bort var forferdeleg trist og tungt, og satte djupe spor. Men opp i alt det triste er det og mange gode minner frå den tida vi jobba ilag, fortel ho.
Og det er ikkje berre May-Britt Birkeland som gjorde arbeidsdagane kjekke for Rita.
– Eg har hatt veldig mange gode kollegaer og har gleda meg til å gå på jobb kvar einaste dag gjennom 48 år.

Ekstremt ryddig person
– I jobben som politisk sekretær skal ein ha kontroll på ein god del og må vere strukturert. Skulle eg sagt noko positivt om meg sjølv så er det at eg er ein ekstremt ryddig person, der andre og har omtalt meg som petimeter. I tillegg har det vore ei enorm utvikling i høve det tekniske sidan eg begynte, då jobben vart gjort med blåpapir og skrivemaskin med kulehovud og rettetast. Eg er ikkje spesielt interessert i data, men er glad for det eg har lært meg gjennom jobben, slik at eg kan klare meg fint no når eg går inn i pensjonistenes rekker. I tillegg til mange år i arbeidslivet har den engasjerte dama vore ganske aktiv med verv i ulike organisasjonar som til dømes Norsk kommuneforbund, Høyanger skulemusikk og styret i Folkets Hus.
– Hjertet mitt brenn for skulemusikken den dag i dag, og ein ser konsekvensane av korleis dei slit for å halde det i gong. Det er veldig trist og eg håpar verkeleg det vil bli betre i tida framover, seier ho.

«- Eg var i det første kullet som gjekk på ungdomskulen her i Høyanger, og som tenåring på begynnelsen av 70-talet var det fantastisk å vakse opp her med uttalege popgrupper og ungdomskveldar på Valhall»

Sitat og livsmotto
På spørsmål om livsmotto svarar ho at det er eit sitat frå Hanna Kvanmo som alltid har hengt med henne, og det er «Du skal nøye vurdere hva du skal ergre deg over».
– Dette er noko eg har blitt litt terga med på heimebane, men er og noko eg har prøvd å leve etter. For det å bruke unaudsynt mykje energi på å ergre seg over alt, det gidd eg ikkje.
På kontorveggen til Rita heng eit kort med eit morosamt sitat der det står «kontroller at hjernen er tilkobla før munnen opnast».
– Då eg fann dette kortet tykte eg det passa bra til meg, som ikkje alltid har vore like flink til nettopp dette, seier ho og ler.

Meir tid med barnebarnet
Når ho no trer inn i pensjonisttilværa er det meir tid med barnebarnet og på hytta som står høgst på lista, og som er noko ho gler seg veldig til.
– Det å få mykje meir tid til å vere saman med barnebarnet mitt er noko eg verkeleg ser fram til. I tillegg til hyttekos med godt lesestoff og fotturar ute på hytta på Torvund har eg bestemt meg for å lære meg å løyse kryssord og sudoku, og det kan bli spanande, seier ho.
Den som skal ta over stafettpinnen etter Flaten er Jorunn Flæthe, som i dag jobbar som konsulent i Høyanger kommune fram til ho trer inn i ny jobb som politisk sekretær denne veka.

 

 

 

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord