Resultatnedgang for Hydro Høyanger i 2019


Hydro Høyanger avsluttar året med sikker og stabil produksjon, men lågare metallpris og etterspurnad trekk ned resultatet

Fredag presenterte Hydro Høyanger eit overskot før renter og skatt på 4 millionar kroner i fjerde kvartal, som gir eit underskot på 11 millionar kroner i 2019.

– Aluminiumsmarknaden har vore tøff gjennom heile 2019, og i siste del av fjerde kvartal fall rundt 30 prosent av ordrane til Hydro Høyanger, spesielt frå bilindustrien. Dette skuldast at kundane våre igjen opplever reduksjon i sine ordrar, slik at dette får ein dominoeffekt, seier den nye fabrikksjefen i Høyanger, Arne–Martin Kjærland, i ei pressemelding.

Han er tydeleg på at tøffe tider krev at ein kontinuerlig forbetrar drifta og alle forhold som ein sjølv kontrollerer.

– Det er diverre lite vi får gjort med den globale marknaden, men heldigvis sit det svært kompetente ressursar i Hydro Høyanger, som er dyktige på heile tida å forbetre drifta. Eg har ikkje vore her lenge, men merkar allereie kor mykje kompetanse som sit i denne organisasjonen, seier Kjærland.

Sikkerheit i fokus


Etter over to år utan fråversskader, vart det registrert to tilfelle i desember.

– Sikkerhet er noko vi stadig jobbar med, og dette arbeidet står øvst på agendaen. Tilfella i desember er ei påminning om at vi aldri kan kvile når det gjeld sikkerheiten til medarbeidarane. Vi hadde også tilløp til alvorlege skader, så her må vi vere på vakt. Heldigvis har vi ei verktøykasse full av gode hjelpemiddel, og desse skal vi fortsetje å utnytte til det fulle, seier Kjærland.

Avfall får nytt liv


Elles er det retta stor merksemd mot sortering av avfall, og å redusere avfallsstraumar til deponi. Omdanning av problemavfall til verdifullt råstoff har Hydro Høyanger sett på gjennom prøveprosjektet «Uno Metal», der ein ser gode resultat med å lukke sløyfa for ein avfallsstraum.

– Pilotforsøket går ut på å gjenvinne restmetallet som ligg igjen i botnen av omnane i elektrolysehallen. Målet er å kunne resirkulere så godt som hundre prosent av det prosesserte metallet, og er eit ledd i vårt mål om å bli endå meir bærekraftige, forklarar Kjærland.

– Aluminiumsmarknaden har vore tøff gjennom heile 2019, og i siste del av fjerde kvartal fall rundt 30 prosent av ordrane til Hydro Høyanger, spesielt frå bilindustrien, seier den nye fabrikksjefen i Høyanger, Arne–Martin Kjærland, i ei pressemelding.