Rekordtal for polet i Høyanger


2020 vart eit rekordår for Vinmonopolet sin butikk i Høyanger.

- I 2020 selde vi nesten 10 000 liter meir, enn vi gjorde i 2019. Det gir ein auke på 19 prosent. Det er jo bra, sjølv om vi ikkje hadde like stor auke som dei største butikkane til Vinmonopolet, seier butikksjef Bjørn Kristian Sunde i Høyanger til Ytre Sogn.


I 2019 selde dei 47 196 liten, medan det i 2020 auka til 56 343 8 2020, viser tala deira.

På landsbasis var auken endå større, på 40 prosent. Totalt 11,5 millionar liter vart selde i dei vel 320 butikkane deira i 2020.


Og mykje av forklaringa ligg i stengde grenser under koronapandemien.


- Den gjorde at ein ikkje reiste til utlandet i like stor grad som før, seier Sunde, og peikar på at mange handler denne typer varer når dei reiser til utlandet, blant anna i taxfreebutikkar på flyplassar.
- Mange valde å feriere heime i Norge i fjor, og det merka også vi på salet. Både I vår, sommar og haust i fjor hadde vi mange innom som aldri hadde vore i Høyanger før, seier han.

Elles medførte også reduserte opningstider på seerveringsstader store delar av fjoråret til auke i salet. 


- På grunn av restriksjonane som følgde med koronapandemien, blant anna når det gjaldt skjenking på kaféar og restaurantar, valde folk i.større grad enn før å nyte god mat og drikke heime.

Les meir i siste Ytre Sogn!