Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. juli 2017
Ytre Sogn 23. juli 2017

Om lag 500 besøkande var innom Vaimamarknaden på dagtid forrige helg.

Mange besøkte Vaimamarknaden

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 30. juni 2017

– Årets Vaimamarknad vart ein suksess med om lag 500 personar innom marknaden på dagtid, og 230 på dans om kvelden. Så vi er utruleg nøgde, seier Heidi Skaar Beinnes i arrangementskomitéen til Ytre Sogn

For sjølv om vèrgudane har vore litt ugreie dei siste vekene, forbarma dei seg med både opplett og solstrålar i nokre timar under årets Vaimamarknad, noko både arrangør og folk som hadde teke turen til marknaden sette stor pris på.

Ei av dei var Helga Søgnen Hestetun, som opphavleg kjem frå Dyrnesli i Vadheim, men som har vore busett i Øvre Årdal i 56 år.

– Brukar du å vere på Vaimamarknaden?

– Ja, eg dreg alltid til «heim» til Vadheim når det er Vaimamarknad. Då er alltid like kjekt å vere her. Det er mykje som skjer og mange flotte ting å sjå på, samstundes med at eg treff mange gamle kjende, og det er utruleg hyggeleg, seier ho og smiler.

Les meir om marknaden i tysdagsutgåva av Ytre Sogn!

 
 
 
 
 
 
 
 
 
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord