Rekordår for Osland Havbruk


Med eit driftsresultat på 135,4 millionar i fjor tente fiskeoppdrettsselskapet Osland Havbruk over dobbelt så mykje som i 2014 og 2015 til saman.

Eigar og dagleg leiar Erik Osland i Osland Havbruk er ikkje overraskande godt nøgd med omsetnaden på heile 385,4 millionar og driftsresultatet på 135,4 millionar i 2016.
- Det var høg etterspurnad etter laks og etter kvart også aure på den globale marknaden i fjor. Vi trefte godt med produksjonen opp mot auken i etterspurnaden, og saman med den låge kronekursen gav det eit gunstig resultat.

Les meir i fredagsutgåva av Ytre Sogn!