Lokale nyhende frå Ytre Sogn 13. desember 2019
Ytre Sogn 13. desember 2019

Kansellisjef ved slottet, Mette Tverli (t.h.), overekkjer Kommandør av St.Olavs Orden til professor Reidun Førde under tilstellinga i Helga Engs hus på Blindern i Oslo torsdag i førre veke. (Begge foto: Hanne Bjerknes, UiO)

Kongeleg heider til Reidun

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 9. september 2019

−Eg tykkjer det er ekstra stas at eg som kvinne får denne ordenen. Dei har det ikkje vore så mange av, innan medisin, seier Reidun Førde til Ytre Sogn.

Sist veke vart den anerkjende professoren frå Høyanger overrekt dekorasjonen Kommandør av den Kongelige Norske St. Olavs Orden for innsatsen sin for medisinsk etikk gjennom mange tiår.
Det skjedde under ei tilstelling i Helga Engs hus på Blindern i Oslo.

– Vi sogningar er jo stort sett utstyr med eit nøkternt sjølvbilete, så for meg som person kjennest det uverkeleg å motta ein slik orden. Det er jo ein av dei høgaste ein kan få, seier Reidun Førde, professor i medisinsk etikk, til Ytre Sogn.

Ho har blant anna vore sentral i arbeidet med å byggje opp dei kliniske etikk-komitéane som no er etablert ved alle landets helseføretak. Det har bidrege til at etiske drøftingar og kompetanse i etikk har fått ein sentral plass i klinisk praksis ved alle landets sjukehus.

Førde er utdanna lege frå Universitetet i Oslo i 1978, og har vore tilknytt Senter for Medisinsk Etikk (SME) ved Universitetet i Oslo frå 1991, og vore professor same plass frå 2000.

Men før dette gjekk ho på Firda gymnas.

– Som så mange andre forlet eg Høyanger som 16-åring, for å ta utdanning. Først på Sandane og deretter i Oslo, seier Førde og fortel at ho tidleg bestemde seg for å bli lege.

Det gjorde ho allereie i barneåra, i Høyanger.

– Mor mi jobba i si tid på sjukehuset, og det vart eg nok påverka av. Det gjorde også at eg tidleg vart oppteken av spørsmål rundt liv og og død, seier Førde.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Reidun Førde med ordenen ho vart tildelt før helga.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord