Rehabiliterar det gamle kaihuset i Høyanger


Sogn Service & Vedlikehold er no saman med Haaheim VVS og Bravida i gang med rehabilitering av det om lag 100 år gamle kaihuset på kommunekaia i Høyanger. Prosjektet vil få ein kostnad på om lag ein million kroner.

- Sogn Service & Vedlikehold var eitt av til saman fem selskap som vart invitert av Høyanger kommune til å kome på synfaring av kaihuset for ein gjennomgang av rehabiliteringsarbeidet som skulle utførast der. Vi fekk så med oss Haaheim VVS og Bravida i prosjektet, og var heldige som fekk tilslaget på anbodet på om lag ein million kroner. Det seier dagleg leiar i Sogn Service & Vedlikehold, Erlend Handegård Eikelund, til Ytre Sogn.
Eikelund fortel at det i eit omfattande prosjekt som kaihusrenoveringa er mykje som må plass innan HMS før sjølve arbeidet kan starte. Etter fleire veker med førebuing kom det stillas på plass og arbeidet vart starta opp då Ytre Sogn kom innom måndag.

I følgje prosjektleiar ved Høyanger kommune, Bjørn Berstad, vart kaihuset bygd i 1925 og sett opp som ekspedisjonslokale som Per A. Øren har leige i svært lang tid. Bygget har i seinare tid vore i Leira Næringspark sitt eige før Høyanger kommune tok over for om lag to år sidan.

Les meir om saka i siste utgåve av Ytre Sogn!