Rebekka spelar med dei beste


Siste helg var kremen av handballspelarar i Sogn og Fjordane og Hordaland fødde i 2003 samla i Trivselshallen på Sandane. Rebekka Ølmheim frå Høyanger var ein av dei.

Bylagssamlinga er for dei beste jentene og gutane fødd i 2003 i Norges Håndballforbund (NHF) Region Vest, som består av Sogn og Fjordane og Hordaland. Spelarane var samla laurdag og søndag, og hadde totalt fire treningsøkter i Trivselshallen på Sandane. 32 jenter og 33 gutar frå dei to vestlandsfylka deltok på samlinga, med Gloppen handballklubb som arrangør.

«Eg veks på dei positive tilbakemeldingane».

                                                  - handballspelar Rebekka Ølmheim

Les meir i Ytre Sogn fredag

I regi av NHF Region Vest deltok 32 jenter og 33 gutar på samlinga på Sandane, der ein ser etter dei beste handballspelarane i landet. (Foto: NHF Region Vest)