Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

>- Dette er ei sak eg meiner ein må ta lokalt fordi alle fylka er ulikt oppbygd, seier Kristin Sagerøy Råsberg.

Reagerer på forslag om fritt skuleval

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 26. august 2019

– Sett i samanheng med at vi har fått ein regionreform der vi skal få bestemme meir sjølve, så heng ikkje dette på ei greip, seier Kristin Sagerøy Råsberg (Ap) til Ytre Sogn.

I følgje ei pressemelding sendte Kunnskapsdepartementet sist veke ut to alternative forslag om å innføre fritt skuleval i alle fylka i landet på høyring. I dag er det fylka sjølv som bestemmer om dei ønskjer fritt skuleval eller ikkje. Den moglegheiten ønskjer regjeringa no å fjerne.

-At eit slikt forslag kjem frå regjeringa tykkjer eg rett og slett er merkeleg. Sett i samanheng med at vi har fått ein regionreform der vi skal få bestemme meir sjølve, så heng ikkje dette på ei greip. Dette er eit fylkeskommunalt ansvar, seier Kristin Råsberg, varaordførar for Høyanger Ap – og partiet sin 2.kandidat ved haustens val – til Ytre Sogn.

 

Meir om saka i siste utgåve av Ytre Sogn

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord