Reagerer på at musea i Høyanger er uteletne


– Når vi årleg bidreg med nærmare 200.000 kroner driftstilskot til Musea i Sogn og Fjordane, så forventar eg at musea i Høyanger kommune viser att i marknadsføringa deira, på lik line med dei andre musea i fylket, seier Einar Rysjedal til Ytre Sogn.

Det er nemleg ikkje tilfelle når ein går inn på nettsida til stiftinga og leitar opp informasjon om . musea som kjem inn under dei. Det same gjeld brosjyra som er laga om den.

– Vi har tre museum i kommunen, Massnes Villmarksmuseum på sørsida av fjorden og Høyanger Industristadmuseum og Høyanger Vasskraftmuseum på nordsida, og ingen av desse er så langt eg kan sjå nemnt med eit ord hos Musea i Sogn og Fjordane. Det tykkjer eg lite om, seier Einar Rysjedal , som er kommunestyrerepresentant for partiet Raudt. Det som gjorde at han byrja å undersøkje det heile er saka som var på trykk i Ytre Sogn for nokre veker sidan om musea sine besøkstal i fjor. For heller ikkje i den var musea i Høyanger med.

– Eg reagerer spesielt på at ikkje Høyanger Industristadmuseum er med. Det skil seg frå alle dei andre musea vi har i Sogn og Fjordane, ved at det fortel korleis industristaden Høyanger vaks fram, og dei ulike sidene ved det, seier han og peikar på at denne historia har dei til felles med Årdal og Svelgen.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!