Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. juli 2017
Ytre Sogn 23. juli 2017

Psykiatrisk klinikk i Førde er DPS for 13 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og har i dag 14 sengeplassar ved klinikken i Førde og 11 ved avdelinga på Tronvik (biletet) på Kyrkjebø.

Avdeling kan bli flytta til Førde

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 4. juli 2017

Distriktspsykiatriske senter (DPS) for Sunnfjord og Ytre Sogn blir kanskje samla i Førde. Det betyr i så fall flytting av 11 sengeplassar som i dag er på Tronvik på Kyrkjebø.

Det heile blir no utgreidd som del av sparetiltaka helseføretaket har sett i gang for å møte ein situasjon med forverra økonomi, skriv Helse Førde på nettsida si. Psykiatrisk klinikk i Førde er DPS for 13 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og har i dag 14 sengeplassar ved klinikken i Førde og 11 ved avdelinga på Tronvik på Kyrkjebø.

I dei første planane for ut- og ombygging av Førde sentralsjukehus (FSS) er nybygget for psykisk helsevern i Førde dimensjonert for å kunne romme sengeplassane til DPS på Tronvik. Ei framskriving av aktiviteten syner at det er behov for 24 DPS-sengeplassar i området.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord