Prioriterer Tronvik-Ulvåna


Utbetring og omlegging av parsellen Tronvik – Ulvåna vil toppe prioriteringslista til Høyanger kommune i samband med innspel til regional handlingsprogram/handlingsplan 2018-2027 for regional transportplan dersom planutvalet seier ja til tilrådinga frå administrasjonen.

Dette er ei vegstrekning som har omfattande behov for opprusting og utbetring. Parsellen har fleire farlege punkt og utgjer ein flaskehals for pendlartrafikk, anna transport langs fylkesveg 55, og mogelegheita for å nå E39.

-Kommunen ser aukande grad av pendling til nabokommunar, og då spesielt Førde. Brorparten av innbygggjarane er busette på strekninga mellom Høyanger tettstad og Kyrkjebø, og vil difor nytte strekninga for å nå arbeidsmarknad og servicetilbod i regionsenteret, skriv sakshandsamar Synne Vefring.

Det er viktig å få prioritert planleggingsmidlar til strekninga slik at ein finn gode løysingar som kan gje grunnlag for vidare prioritering av investeringsmidlar. Det bør difor setjast av planleggingsmidlar i Regional transportplan sitt handlingsprogram for 2018-2022. Vidare investeringar bør prioriterast tidleg i perioden 2022 til 2027, meiner Vefring.

Utbetring av fylkesveg 92 frå Ortnevik til Bjordal, samt fylkesveg 8, er sett opp på andreplass på prioriteringslista til Vefring.
Det må setjast av midlar til utgreiing av behov for utbetring, samt kostnader knytt til dette i handlingsprogrammet for 2018-2022.

-Næringslivet på sørsida, både Østerbø Maskin og Osland Havbruk, har gjennomført store investeringar og opplever sterk vekst. I tillegg er det gitt konsesjon til ei større kraftutbygging, Østerbø-Randal, som vil generere aktiviteten på fylkesvegnettet.

Planutvalet skal ha saka føre måndag.