Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Inspirasjonen til å skrive boka fekk Wenche Fossen under Høyanger sitt 100-årsjubileum i 2015, og skildrar den som lokalhistorie med ho som samtidsvitne.

Presenterte bok om barndomsbyen

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 1. november 2018

— Eg er glad for at boka no endeleg er ferdig, og håpar at mange andre også blir glad for den, og kjenner seg att, seier Wenche Fossen til Ytre Sogn. Denne veka var ho på Eldresenteret i Høyanger og presenterte «Gatelangs i barndommens by».  

Etter tre år med grundig gjennomgang av Høyanger si historie, der ho blant anna har brukt historisk litteratur, aviser, dokument og kjelder, er boka til Wenche Fossen kalla «Gatelangs i barndommens by» ferdig.

– Eg er glad for at boka no endeleg er ferdig, og håpar at mange andre også blir glad for den og kjenner seg att. Det å gå i djupna på historia i Høyanger har vore både kjekt og veldig interessant, der eg også har lært mykje sjølv. I arbeidet med dette har eg fleire gonger vore tilbake i Høyanger, der eg har fått god hjelp med bilete og snakka med folk som velvillig har aust av sin kunnskap, noko som har vore veldig kjekt, seier ho.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord