Posten har snudd


Kyrkjekontoret i Høyanger slepp likevel å betale for distribusjon også i delar av nabokommunen når dei skal ha ut kyrkjelydsbladet «Helgestunder» i Høyanger sentrum.

-Posten har innsett at det å leggje delar av Høyanger sentrum under Nessane bodrute i nabokommunen Balestrand ikkje var det beste likevel. Så no har dei valt å splitte opp bodruta, slik at også husstandane langs heile Hålandsvegen - inkludert sidevegar - no blir del av bodrutene i Høyanger kommune. Det er vi glade for at dei også no har sett, seier Bjørnar Otterstein, kyrkjeverje i Høyanger, til Ytre Sogn.

Det var like før jul han gjekk ut i Ytre Sogn om problema omlegginga av Nessane bodrute gav dei når dei skulle ha kyrkjelydsbladet sitt «Helgestunder» distribuert til alle husstandar i kommunen. Men fordi delar av Høyanger sentrum låg under Nessane bodrute gav Posten dei beskjed at då måtte dei fulldistribuere til heile ruta, det vil seie heile vegen innover til Balestrand.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!