–Positivt at det blir satsa i Lavik


- Det er veldig positivt å høyre at det blir satsa i Lavik no, seier Jone Ringereide Larsen og Elisabeth Grøvlebakke Kårstad som vart blant dei frammøtte til arrangementet romjulstreff på Lavik Fjordhotell fredag kveld.

Målet med romjulstreffet, som vart arrangert av Lavik næringsråd, Høyanger kommune og Høyanger næringsutvikling (HNU) var blant anna å få fleire tilflyttarar til Lavik, og samstundes få ein stemningsrapport frå nokre av dei som allereie var tilflytta. Eit tema var kva kommunen kan bidra med i Lavik. Det fulle lokalet på hotellet synte at dette var noko som var av stor interesse hos innbyggjarane i bygda.
- Vi er svært overraskande, men tykkjer det utruleg kjekt at så mange har teke turen hit i kveld, seier rådmann i Høyanger kommune Arve Varden.

Dei frammøtte fekk høyre fleire flotte musikalske innslag denne kvelden.

Flyttar heim

To av dei som no vel å flytte heim til Lavik er Jone Ringereide Larsen og sambuar Elisabeth Grøvlebakke Kårstad. Saman med sonen Heine bur dei for tida i Bergen, der Jon jobbar som sevicemekanikar hos Bjordal & Madsen.
- Kvifor vel dykk å flytte heim til Lavik no?
- Det er noko vi har tenkt på ei god stund, blant anna etter at vi fekk sonen vår Heine og plassen i husværet der vi bur blitt i minste laget. Heine skal snart ta til i barnehagen, og då er det veldig greit å bli ferdig med flyttinga i løpet av sommaren, slik at vi er kome på plass før barnehageåret tek til i august, seier dei to.

Fleire nye tomter

-Det er investert ein del i Lavik, blant anna nye bustadtomter. Er husbygging noko dere ønskjer å setje i gang med?
- Det blir kanskje husbygging etterkvart, men kor det eventuelt blir veit vi ikkje enno. Men i starten kjem vi til å leige eit husvære, så får vi sjå kva som skjer seinare, fortel det unge paret smilande.

Næringslivet i kommunen

Næringssjef Terje Søreide fortalde om staus og potensialet i næringslivet i kommunen.
- Vi har mange spennande jobbar i kommunen, blant anna i oppdrettsnæringa. Det er gjort ein fantastisk innsats hos felgprodusent Saint Jean Wheels. Og ikkje minst Hydro Høyanger som er i ein rekrutteringsfase. Der vil det etterkvart vil bli fleire ledige jobbar, fortalde han