Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

Denne illustrasjonen som Osland Havbruk har fått laga viser ein stor brønnbåt på veg inn den ferdig utvida kanalen på Søreide.

Positive til Straumenprosjekt

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 17. februar 2018

Politikarane i Hovudutval for samferdsle er positive til å gå inn med midlar til å greie ut ei ny heve- eller svingbru på fv 92 på Søreide, i samband med utvidinga av kanalen over Straumen.

Det er Høyanger kommune, Høyanger Næringsutvikling og Osland Havbruk som har gått saman om det som har fått namnet Straumenprosjektet. Dei har no søkt fylkeskommunen om 500.000 kroner til eit forprosjekt, der ein greier ut alle sider ved ei slik bru på Høyanger sørside.

– For oss er dei positive signala som no kjem frå fylkespolitikarane viktige. Ja, eg vil seie dei er avgjerande for at vi no kan gå vidare med planane. Så no føler eg at vi er komne eit langt steg nærmare ei realisering, seier Geir Helge Østerbø, som er samfunnskontakt hos Osland Havbruk, til Ytre Sogn.

Bakgrunnen for søknaden er planane om å utvide produksjonen ved setjefiskanlegget deira, som ligg ved enden av Østerbøvatnet. I den samanheng ønskjer dei å utvide kanalen inn til vatnet, over Straumen, slik at brønnbåtar og annan transport til og frå anlegget kan skje sjøvegen. Det vil også medføre behov for ei ny bru over fylkesvegen, som ein hevar eller svingar når båtar skal gjennom kanalen.

Søknaden deira kom opp under skriv og meldingar i Hovudutval for samferdsle tidlegare denne veka, og ifølgje leiar Norvald Distad (H) var det brei tverrpolitisk semje om at dette er noko dei er innstilte på å bruke midlar på.

– Vi ser at dette er eit viktig prosjekt, ikkje minst næringsmessig, og difor var også signala på møtet at dette kjem vi til å strekkje oss langt for å finne midlar til. Det var også ein vel grunngjeve søknad dei har kome med, seier han til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord