Positive tal for KaffeTelegrafen


– Det handlar om målretta jobbing med å halde oppe inntektene, samstundes med at vi får kostnadene ned. Det ser vi no resultatet av, seier Veronica Nessestrand hos KaffeTelegrafen i Høyanger.

Til no har årsrekneskapen til kaféen som vart starta opp i det historiske bygget i Høyanger sentrum for snart tre år sidan nemleg vist raude tal. I 2017 hadde den eit underskot på 176.000 kroner. I 2018 vart det imidlertid snudd til eit lite overskot, på 17.000 kroner. Altså ei betring på nærmare 200.000 kroner.

– Det vert sagt at det tek mellom tre og fem år innan ei bedrift får etablert seg, og går med overskot. Så at vi har kome dit allereie no, etter berre to-tre år, er vi sjølvsagt nøgde med, seier Veronica Nessestrand, som eig og driv KaffeTelegrafen saman med søstera Jannike Nessestrand.

Samstundes held inntektene seg omtrent uendra. I 2017 var dei på 2,7 millionar kroner og i 2018 på 2,6 millionar kroner. Også det er Nessestrand nøgd med.

– Vi har jobba målretta med å få ned kostnadane, og det har vi blant anna greidd ved å tilpasse opningstidene etter når folk brukar kaféen. Blant anna stenger vi tidlegare på kvelden, seier ho og peikar på at det jo ikkje er lønsamt å ha tilsette på jobb når kaféen er tom.

– Det ser vi no att på lønskostnadane, som jo er ein av dei største postane når ein driv kafé, seier ho.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!