Populær trekunst frå Ikjefjord


Rundt 30 personar var innom opninga av Høyanger kunstlag si juleutstilling torsdag kveld. Mange av dei let seg begeistra av dei fargerike treskålene til Kjell Arne Solli frå Ikjefjord.

Treskålene med det karakteristiske grøne nordlyset på mørk blå bakgrunn.  Treskålene med det karakteristiske grøne nordlyset på mørk blå bakgrunn.

- Eg gjekk lei av trekvitt, og byrja å «klatte på» litt farge inni skålene. Det vart fort spennande, og jammen greidde eg ikkje å lure fram nordlyset også, seier Kjell Arne Solli om bakgrunnen for serien med treskålene han har dreia, med det karakteristiske grøne nordlyset på mørk blå bakgrunn.

-Fargen legg eg på, for så å tørke den vekk at slik at eg ser trestrukturen, forklarar han.

20 år har gått sidan han deltok på juleutstillinga til Høyanger kunstlag sist, og trearbeidet hans var blant dei som gjekk unna på opninga. Ja, i løpet av helga måtte kunstlaget få ein ny leveranse skåler.

- Det var kjempemoro, seier Solli sjølv om repsonsen.

Les meir om juleutstillinga i Ytre Sogn!